Salkart

Salkartet (Seatmappet) er no klart!

Det ligg ute på Preseat.no for dei som vil ta en kik på det.

Du legg kanskje merke til at når du skal velge plass, so kan du berre i første omgang velje dei øvste to borda. Dette har med inndelinga av sone på arrangementet.

Kva dette har for deg å sei?

Vi har totalt 287 plassar for årets første arrangement. Vi veit sjølsagt ikkje kor monge som vil kome, so derfor må vi ta nokre forhandsreglar.

Dei to øverste borda er opna for reservasjon frå deltakar nummer 1. So vil bord nr 3 åpne osv. Her kjem rekkefylgja (alle tal er i deltakara):

  • Bord 3: 50
  • Bord 4: 80
  • Bord 5: 110
  • Bord 6: 160
  • Bord 7: 220

Dei som har vore der før legg også merke til at vi har fjerna midtgangen og satt inn ei bordplate med ein blå plass. Dette er for å sette av ein plass til nødvendig utstyr, deriblant ein nettverksswitch som alle på bordrekka skal koble seg til.

Samla på bordrekka er der no 41 sitjeplassar. 21 på den eine sida, og 20 på den andre.

Vi vonar at om du ikkje er glad i høg musikk og ikkje vil sitje der publikum ofte står, so kan det vere ein lur idè og setje seg longt bak i salen etter kvart som bordrekkene opnar seg. Dette gjeld ofte, men ikkje alltid folk som gjerne vil spele i fred, og ikkje vil ha høg lyd rundt seg.

Vi vonar at desse deltakarane bestillar ein billett so fort so råd, men ikkje vel plass. Dette for å åpne opp slik at fleire bord blir låst opp. Dette kjem nemleg ann på kor monge billettar som er løyst ut, og ikkje på kor monge som faktisk har velt plass.