Soving, dusj og nerdesvømming

Soving i sovesal

Vi har 1/4 av salen tilgjengelig for soving under heile arrangementet.

For at alle skal få tilgang til ein plass å sove, er det viktig at dei som ikkje søv samlar opp alt av soveutstyr og anten tar det tilbake til plassen sin, eller stablar det opp på anvist område i sovesalen. Er du i tvil, spør vakta kvar dette er!

Husk derfor å ta med deg maddrass (Fåes kjøpt i oppblåsbar versjon på biltema i Ulsteinvik, eller på Jysk i Ulsteinvik eller Ørsta).

Dusj

Under eit arrangement som varer over fleire dagar, og du er omgitt av mange andre deltakara, er det vel greit å ta seg ein dusj? Vi har iallefall tilgjengeleg 4 separate låsbare garderober der du kan ta deg ein lang varm dusj, og ta vare på personleg hygiene.

Dusjane som blir brukt er tilpassa for ein person med låsbar dør.

Ta med deg badehåndkle, shampoo og andre hårprodukt 🙂

N3rd5w!m

Vi har fått ein avtale med Ulsteinbadet, der alle våre medlemmar i BurnOut Dataparty får bade for ein 50-lapp kvar gong dykk ynskjer det.